Movember-kampanje 2024 (#luftebarten24)
No nærma det seg årets "Movember-kampanje" der eg skal bevege meg for menns helse og dei 60 mannfolka vi mistar til sjølvmord i timen, verden over. Eg kjeme til å bruke meg sjølv og sosiale medium for å få oppmerksomhet rundt mental helse.
I år skal eg:
- Opprette ein spleis for Mental Helse sine svartjenester (Målsetning: overgå fjoråret på kr. 88.000,-)
- Bevege meg for Movemberkampanjen ved å vere aktiv kvar dag i november og donere 20 kr per time eg er aktiv til spleisen som er oppretta.
- Gå/jogge 60 km ila ein dag på Movemberløpet.
(Arrangement: https://www.facebook.com/events/1051758392997664?active_tab=about)
- Stake 60 km på rulleski inne på Fjordium Performance Institute
Eg vil i år også opprette ein spleis der alt som kjeme inn skal gå til Mental Helse sine svartjenester.
Ifjor fekk vi inn ca kr 88.000 via spleisen og i følge daglig leiar i Mental Helse Norge, Alexander Austad Aas så tilsvara det føljande:
- Beløpet tilsvarer ca 1260 samtaler og 3-4 dagers drift av døgnåpen chat.
Eg har satt årets målsetning til kr 100.000,-
Vi må ha noke å strekke oss etter mtp fjorårets suksess! Tusen takk for alle bidrag.
Svartjenestane dekker eit stort behov innafor psykisk helse og er ein tjeneste som opplever stort trykk. Svartjenestane levere tjenester av høg faglig kvalitet, dekker eit stort behov og er eit kostnadseffektivt tilbod som avlaster delar av det offentlige hjelpeapparatet.
Mental Helses svartjenester endte totalt med 360 032 innkommande henvendelsar i 2023. Dette er ein nedgang på 3,7% samanlikna med 2022 der dei hadde 374 036 innkomande henvendelsar. Det kan henge saman med mindre tilgjengeligheit pga nedbemanning og derfor færre mennesker på jobb. Dette har resultert i lengre køar og ventetid enn normalt.